Jan Asle Rustøen trenar damelaget

Breimsbygda har i mange år hatt ei god hand med damelaget i kommunen vår. Etter at Bjørn Åmot kasta inn handkleet etter lang og tru teneste blir det no Sandane som overtek ansvaret for damefotballen. Ny trenar er på plass: Jan Asle Rustøen.

Sandane og Breimsbygda skal framleis samarbeide om damefotballen. Det blir likevel ein skilnad når STIL no overtek det administrative ansvaret for samarbeidsklubben. STIL stiller med trenar og oppmann for laget, som får namnet Sandane/Breimsbygda. Nyetrenar Jan Asle Rustøen får med seg fleire ressurspersonar i Sandanefotballen som støtte i arbeidet med damelaget. Laget knytter etter det vi forstår også til seg ein eigen keepertrenar. Oppmann/kvinne for laget er Wenche Håvik. 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift