Ødven med fornya B-trenarlisens

Sandane sin nestor på trenarsida, Jan Ove Ødven, har fornya lisensen som UEFA B-trenar.

Ødven var lenge klubbens einaste trenar med UEFA B-lisens, men har dei seinare åra fått følgje av Torbjørn Gran og nyleg tilbakevendte Ingmar Sægrov. 

Jan Ove er ein hovudarkitekt bak klubbens sportsplan, er trenar for Sandane sitt gutelag og er med si lange erfaring ein svært sentral mann i klubbens sportslege utviklingsarbeid. Han vart i 2015 kåra som årets trenar i barne- og ungdomsfotballen i fylket.

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift