Gode treningstilhøve i Spania

Trenar Torbjørn Gran melder om svært gode tilhøve for STILs mannskap i Spania.

-Vi har hatt gode treningsøkter og i fritida går det mykje i konkurranseprega aktivitetar. Her er fantastiske treningsfasilitetar og vi har gode buområder og flott matservering, fortel Torbjørn Gran. Nokre av spelarane har skadeproblem, og for desse vert det mykje alternativ trening. -Opphaldet her gjev dei høve til å fokusere på gode treningsprosessar som gir grunnlag for raskare restitusjon. Gran nevner STILs midtbanespelar Gudmund Bjotveit som eit døme: -Han kan ikkje trene i dei vanlege fotballøktene, men arbeider knallhardt i kvar treningsøkt med eigentrening, basistrening og skadeførebyggande arbeid. Han deltar i fellesøkter og har også mange åleineøkter. Gudmund er verkeleg eit førebilete og ein referanse på kva som må til hvis ein skal bli speleklar og på eit tidspunkt spele på eit lag som ønskjer å spele på eit høgare nivå enn 5. divisjon. 

Onsdagens treningskamp mot Raumnes/Årnes enda med eit solid 1-9 tap mot laget som kom på 4. plass i fjorårets 4. divisjon i Akershus. - Vi møtte eit godt og vaksent fjerdedivisjonslag som gav oss skikkeleg bank. Vel fortent og kanskje også greitt med tanke på å kome ned på jorda etter ein positiv og god periode. No fekk vi veldig gode svar på kvar lista må ligge og kva vi verkeleg må arbeide med. Motstandaren var ein perferkt referanse for kvar vi ønsker å vere om tre år, seier Torbjørn Gran. 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift