Damelaget siktar seg inn mot sesongen

Søndag kveld var damelaget til Sandane/Breimsbygda samla til spelarmøte og trening.

Det er ein god gjeng med unge damespelarar som er i trening framfor sesongstarten i 3. divisjon.Trenar Jan Asle Rustøsen og sportsleg leiar Magne Larsen leia spelarmøtet, som hadde fleire aktuelle saker på agendaen, 

Magne Larsen har hatt trenaransvaret for laget i vinter, medan hovudtrenar Jan Asle Rustøen no kjem til å ta meir over ansvaret. Larsen melder om ei stor og flott spelargruppe som har vist flott utvikling på treningane.

På spelarmøtet tok Larsen for seg grunnprinsippa for korleis ein ønsker at Sandane sine lag skal spele, medan Rustøen utdjupa spelesystemet damelaget skal ha som utgangspunkt. Vi røper ikkje detaljane her!

Det er ein flott gjeng med spelarar frå både Sandane og Breimsbygda som er med i spelargruppa. I tillegg ser det ut som fleire spelarar frå Eid er i ferd med å melde overgang til Sandane/Breimsbygda. 

 

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift