Anita fyller år!

Ein velkjent person i STIL, Anita Mykland, fyller 50 år torsdag 2. mars! Vi gratulerer!

Anita er den som steiker vaflar når Sandane spelar heimekampane sine. Det har ho gjort i snart 30 år! Alt i 1997 fekk Anita fotballgruppa sitt heidersteikn for sin gode innsats i laget.

I STIL har vi lært Anita å kjenne som ei dame med eit stort og varmt hjarte. Ho viser omtanke når STIL tapar kampar, og gler seg med laget og støtteapparatet når det vert poeng. 

Anita har mange talent, blant anna veit vi at ho er flink til å strikke og sy. På 90-talet var ho aktiv i mange år som fotballspelar for Roselaget.

I 2015 fekk Anita fotballkretsesn sitt blå diplom for lang og tru teneste for STIL og fotballen i fylket. 

Gratulerer med dagen, Anita!

 

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift