Vinnarlaget!

STILs G19-lag gjekk heilt til topps i KM-sluttspelet i futsal, etter storspel i semifinale og finale. Ein dramatisk semifinale mot Tambarskjelvar enda med STIL-seier 3-1 og i finalen var det ingen tvil: Sandane dominerte. -Følg med på William Landøy og trenaren til STIL, Torbjørn Gran, sa Marius Kloster, ein av kommentatorane på fotballkretsens livestream, etter at KM-tittelen var i havn.

Det var eit teknisk velspelande og ballbesittande Sandanelag som tok seg heilt fram til finalen i KM. Etter eit uhyre jamn og tett gruppespel gjekk Sandane til semifinale som lag nr 2, på bekostning av Høyang. Det var med aller minste margin STIL trakk det lengste strået mot laget frå Høyanger. Laga sto med like mange poeng, identisk målskilnad og Sandane tok semifinaleplassen på innbyrdes oppgjer (3-2). Like jamt var det i den andre pulja, der Førde måtte sjå seg forbigått av Tambarskjelvar og Bjørn med aller minste margin.

Sandane vann fortent semifinalen mot Tambarskjelvar. Ruben Elvebakk Nesdal skaffa STIL ei tidleg leiing etter innlegg frå Anders Frøyen. Dramatikk oppsto då STiL fekk ein spelar utvist, utan at Tambarskjelvar klarte å utnytte overtaket med ein spelar meir. Kristian Møll bidrog til 2-0 då han på glimrande vis la inn til William Landøy framfor mål. Tambarskjelvar reduserte til 1-2 to minutt før slutt, men klarte ikkje å utnytte momentumet. I staden var det Sandane som auka til 3-1 ved Anders Frøyen, igjen etter flott forarbeid av Kristian Møll. 

Sandane til finale med 3-1. 

Sandane hadde ein klar fordel over finalemotstandar Bjørn, som måtte ut i ekstraomgangar i semifinalen mot Jølster. Det gav STIL-karane ekstra kvile. I finalen var det klart skilnad på laga og STIL dominerte stort spelemessig. Kristian Møll skaffa Sandane ei tidleg leiing etter nydeleg assist av William Landøy. Slitne Bjørn-spelarar hadde lite å stille opp med og Abraham Johnny avgjorde det heile med å sette inn 2-0, assiste William Landøy.

Fantastisk kjekt med eit KM-gull på heimebane for Sandane. 

Torbjørn Gran har eit vinnarlag, og etter kampen røpa Sandanetrenaren at KM-gullet kl 20.30 sto oppført på dagsplanen han presenterte for spelarane alt ved inngangen til sluttspelet laurdag føremiddag. 

Sjå resultata frå KM her.

Sjå LIVESTREAM frå finalekampane med Marius Kloster og Ola Flo-Zachariassen som vitale kommentatorar. (Seminfinalen begynner 3.00.30 ut i sendinga).

 

 

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift