Ny dag, nye kampar

KM-sluttspelet i futsal dag 2: Nye lag frå fjern og nær møtest i Trivselshagen. Søndag er det J/G 14 og 16 samt J19 som skal avgjere kven som er fylkets beste lag.

Sekretariatet og andre sentrale aktørar har hatt ein tidleg søndagsmorgon for å gjere alt klart for dei gjestande laga. 

Kampane startar kl 1000 og det vert samanhangande aktivitet på 3 baner fram til siste finalekamp kl 19.35. 

Vi ønskjer alle aktørar lukke til. Frå Sandane er fleire lag kvalifisert til finalane: J14, G14 og G16 samt to J19-lag skal i aksjon i løpet av dagen. Vi ønskjer lukke til!

Det er fritt tilgjenge i Trivselshagen. Kom gjerne innom og følg kampane!

Resultatoppdatering og LIVEstreaming (frå bane 3) heile dagen igjennom. 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift