-Ei hårsbreidd frå finalen

J14 spelte ei knallsterk turnering og berre ein situasjon som ingen thrillerregissør ville hatt fantasi til å tenke ut hindra laget frå å få spele finalkamp mot Vik.

Det vart ein hard batalje mot Stryn i semifinalen, og laga klarte ikkje å avgjere innanfor vanleg tid. Det sto også uavgjort etter ekstraomgangen, og det var klart for straffespark. Sandane viste seg å ha knallsterke skyttarar og alle fem som var i aksjon sette ballen i mål med fynd og klem. Stryn var ikkje like kontante, og STILs keeper var borti mange av skota. Avgjerda kom - trudde alle - då Stryns skyttar nr 3 skaut ballen i tverrliggaren. Jubel i STIL-leiren, og STILs målvakt var komt fram til midtstreken utan å sjå kva som skjedde bak ryggen hennar. Ballen spratt nemleg høgt opp i lufta, falt etter kvart ned igjen på bana og trilla inn i mål. Godkjent skåring. 

Etter dette gjorde STILs spelarar det framleis sterkt frå straffemerket, men då alle hadde skote og aktørane måtte i gang på ny, vart det bom både på Sandane og Stryn. Sandane bomma ein ekstra, og Stryn til finalen, som dei for øvrig vann 2-0. 

Jentene klarte å komme seg etter skuffelsen og vann bronsefinalen over Tambarskjelvar 3-1.

J14-laget imponerte voldsomt. Jentefotballen på Sandane har bratt kurve rett oppover. Sandane sitt J14-lag var eit lag som har svært høgt maks-nivå, og viser då at dei har god teknisk dugleik, flott samspel og glimrande avsluttarar. Ein ting å jobbe med er dødballasituasjonane: fleire mål baklengs på manglande oppstilling og fokus på frispark/corner. 

G14 vart utslått i gruppespelet. Dette er eit fantastisk flott lag med gode spelarar, som alle har ei flott framtid innan idretten. Teknisk gode, flott samspel i massevis, men ikkje nok tur og dyktigheit framover i dag. 

G16 er også eit sterkt lag, men nokre av kampane underteikna såg var dessverre prega av for mykje solospel og for lite samhandling i laget. Unødvendig, eigentleg, for her er det talentfulle karar i alle ledd. Det er sjølvsagt også frustrerande å dominere banespelet utan å få uttellingane ein håpar på. Det vart 0-0 i opningskampen mot eit tamt Jotun for G16. Sidan vart det tap 1-2 for Eid, medan Vik fekk unngjelde i neste kamp med 7-0 seier til STIL. I ein jamspela kamp mot Førde var det slurvefeila og solotendensane som bidrog til at Førde kunne hale i land ein grei 4-2-seier. STIL-spelarane let seg også frustrere over fleire minutts tapt speletid då ein Førdespelar fekk seg ein stygg smell. Førde, Florø, Stryn og Jotun tok seg til finalespelet i denne klassa. 

Sandane har to lag med i J19-klassa, og kampane der er ikkje ferdige i skrivande stund. 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift