Sandane J19 på tredjeplass

Sandane møtte Stryn i semifinalen i J19-klassa, og for andre gong i dag var det eit strynelag som skulle sette ein stoppar for finaledraumen for eitt av våre jentelag. Men i bronsefinalen var det ingen tvil: Sandane tok tredjeplass i turneringa.

Semifinalen: Stryn hadde tydeleg respekt for Sandane, som hadde vore botnsolide i gruppespelet, utan tap. STIL hadde ballkontroll og dominerte spelet frå start i kampen, men etter kvart endra kampbiletet seg. Stryn var hakket kvassare i duellspelet, og hadde også ein betre angrepsplan når dei kom framover. Dei raudkledde gjorde det enkelt og greitt når dei fekk sjansen, kom med fleire spelarar og skåra to flotte mål. 

På 0-1 hadde STIL sjansen til å sette skapet på plass, då Stryn fekk ein spelar utvist. Men det vart tannlaust og utan tilstrekkeleg sting framover, sjølv om det fleire gonger var nære på. Stryn forsvarte seg godt og var igjen nådelaust effektive då dei sette inn 2-0. Sandane reduserte i sluttminuttet, men utan å kunne hindre at det vart Stryn mot Førde i finalen. 

Bronsefinalen mot Stryn 2 opna relativt jamspela, men med eit spelemessig overtak for STIL. I denne kampen fekk vi verkeleg sjå kva betydning eit mål kan ha å seie: Med litt mindre enn sju minutt igjen på klokka gjekk STIL opp til 1-0. Etter dette var det stor Sandanedominans og det var ein fullt fortent seier for dei blåkledde. 

Sandane 2 spela seg opp utover i sluttspelet. Det vart uavgjort mot Vik og sidan eit knipe eittmålstap mot Førde 2. 

Vi gratulerer jentene våre med sterk innsats!

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift