Tusen takk, folkens!

Fullsett hall i to dagar. Flotte idrettsprestasjonar, verdige vinnarar og gode tilbakemeldingar til eit velsmurd STIL-apparat = ein veldig nøgd Sandanesjef. Vår lokale Fair Play-honnør går dessutan til Hafslo.

Fotballsjef Sjur Gimmestad har knapt sett dagslys på to døgn, men smilte nøgd då dei siste KM-vinnarane var fotografert i den nordaustre kroken av hallen. Sandane har etter kvart fått erfaring med store arrangement på heimebane, og det foreløpige inntrykket er at klubben ikkje vil kvi seg på å ta vertsrolla under seinare KM-sluttspel. 

Fotballkretsen har hatt ei svært heldig hand med arrangementet frå sin kant, med livestreaminga som eit nytt og velsett element. I STIL vi vi gjerne gje ekstra honnør til dommarkorpset som har vore svært patente og profesjonelle. 

Helgas Fair Play-pris må vel gå til Hafslo-lagleiaren som ei stund etter kampslutt oppdaga at dommaren i kampen mot Førde hadde gjeve Hafslo ein tomålssiger, medan det motsette var tilfelle. Sekretariatet fekk besøk av ei dame i raudt og poenga havna til slutt hos dei som skulle ha dei. 

Frå juryen blir det meldt om 0 saker til behandling. 

Sjur Gimmestad og fotballgruppa i STIL rettar ei stor takk til det store korpset av frivillige som gjennom innsatsen gjer det mogeleg for klubben å vere vertskap for eit av dei største idrettsarrangementa i fylket, og som bidreg til veldig god Sandanereklame. 

 

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift