Trenartroikaen er klar!

Unge, friske krefter tar over Sandane 2.

Sander Nesdal, Håvard Holvik og Samson Vonen skal leie trenings- og kampkvardagen for STIL2 den komande sesongen! Sander og Håvard har vakse opp som STILgutar, medan Samson kjem frå Naustdal og har spela for STIL2 i to sesongar.

-Med ein stor A-lagsstall, eit knippe spelarar frå Firda vidaregåande, den gode underskogen av spelarar som kjem opp dei neste åra, samt nokre ringrevar som ønsker ein fotballarena, er STIL2 eit veldig viktig tilbod for å gje så mange som mogeleg eit tilbod i seniorfotballen, seier trenarveileder og A-lagstrenar Torbjørn Gran.

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift