Sterkt Eidalag slo Sandane

Treningskamp: Det var ikkje noko å seie på at Eid vann, men i Sandaneleiren var det heller ikkje vanskeleg å finne ting som gleda.

Eid - Sandane 4-0 (2-0)

Treningskamp

Det var ikkje noko vanskeleg å få auge på kva lag som høyrer til i toppen av 4. divisjon då Sandane møtte eit sterkt Eid til treningskamp onsdag kveld. Heimelaget på Eid kunstgras framsto som eit velspelande lag som tydeleg viste STIL kvar lista skal ligge. . 

Sandane hadde defensiv organisering som hovudfokus i kampen, og det vart ei god økt for mannskapet i blått. STIL skal ha for at dei insisterte på å spele seg ut av eige forsvar. Det sto 2-0 til pause. Sandane hadde også sine sjansar til å skåre mål, men lukkast ikkje med det. Eid sitt spel tok seg opp i andre omgang, og dei skapte på si side fleire sjansar som kunne gitt uttelling. 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift