Gode takter av damelaget

Til å vere første treningskamp i år og årets første gjennomkjøring på full bane, lovar dette bra, seier STIL-trenar Jan Asle Rustøen etter 2-3 mot TMFK i Idrettsparken onsdag kveld.

Sandane - TMFK 2-3

Treningskamp

Det var ein jamn kamp som kunne tippa begge vegar, fortel Rustøen. På stillinga 2-2 midtvegs i andre omgang hadde heimelaget ein god periode og var veldig nær ved å ta leiinga for første gang i kampen. I staden fekk TMFK eit litt enkelt mål på eit direkte frispark og kampen enda 2-3 til gjestene. Heimelaget sine mål vart scora av tidlegare Eidspelar og storskårar Lisa Skarstein og Martine Kvamme (straffe). 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift