Håvard Hetle til landsdelssamling

Den lovande målvakta Håvard Hetle (f. 2003) er ein av seks gutar frå fylket som er utteken til landsdelssamling i Sarpsborg.

Håvard Hetle har lenge vore ein levande vegg i Breimsbygdadrakt. Nyleg meldte han overgang til Sandane, og er no altså klar for landsdelssamling. Håvard er dermed med i ei eksklusiv gruppe spelarar som skal silast med tanke på mogeleg landslagsspel/landslagssamlingar. 

Vi gratulerer og ønskjer lukke til på samlinga, som skjer i månadsskiftet mars-april. 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift