Arild Bruland takka av i fotballstyret

-Vi har deg å takke for at vi som første klubb i fylket fekk status som Kvalitetsklubb, sa fotballsjef Sjur Gimmestad då han takka Arild Bruland for over ti års innsats i STIL-fotballen. Same mann leia arbeidet då STIL begynte å sysle med planar om kunstgrasbane på Sandane.

Kvalitetsklubb

Arild Bruland har hatt ansvar for kvalitetsklubbarbeidet i STIL, og dei fleste vil vere kjende med at det har vore ei suksesshistorie. Då klubben sette seg som mål å bli kvalitetsklubb, var det mangt å ta tak i. Nøkkelen til suksess skulle vise seg å vere ein mann med systematikk som ein av fleire sterke eigenskapar. Arild kom med reknearka sine i forskjellige fargar, sette opp måloppnåingsplan og ditto tidsplan og brått såg alle i Sandane Fotball at kvalitetsklubbstatus var noko vi både ønskte og kunne oppnå. 

Tidenes anleggsutbygging

18. april 2008 sto følgande å lese på STIL si heimeside: 

Arild Bruland blir prosjektleiar

Av SK

Kunstgrasbane: Arild Bruland blir prosjektleiar for kunstgrasbane-utbygginga. Han får med seg ei prosjektgruppe på tre mann. STIL Fotball har utarbeidd ein organisasjonsplan for arbeidet med kunstgrasbana. 

Sjur Gimmestad (elektro), Jan Berg (prosjektering) og Per Egil Eide (bygg) utgjer prosjektgruppa saman med Bruland.

Arild Bruland har vore leiar av kunstgrasnemnda, og har med sin bakgrunn og kompetanse alt som skal til for å føre arbeidet med Sandane si første kunstgrasbane vel i hamn.

Kunstgrasnemnda er foreslått som styringsgruppe for prosjektet. Denne gruppa består av Jan Inge Erdal (leiar), Svein Kristiansen, Jan Kjetil Øygard, Ingolf Aagård, Morten Bolseth, Jan Arve Frøyset, Rolv Almenning, Martin Holvik, Sjur Gimmestad og Arild Bruland.

Etter planen skal prosjektgruppa møtast kvar veke, medan styringsgruppa har møter annan kvar veke.

Då kunstgrasbana sto ferdig i september 2008 var det eit anlegg som heilt utan avvik, noko ein kan takke planleggarane og byggeleiarane for. I STIL var det berre smil: Arild B og ingeniørkollega Jan Inge Erdal hadde full kontroll på alle detaljar. Budsjettet hadde ingen overskridingar, og prosjektet vart avslutta med eit lite pluss i rekneskapen. Og Sandane hadde fått kunstgraset som fotballeiar Rolv Almenning og så mange andre hadde drøymt om. 

Som kjent vart det vidare utbyggingar på Myklebustflata, med Arild B som leiar for ei aldri kvilande anleggsnemnd. 

Spelar, trenar og oppmann

Arild Bruland spelte på Vikane i dette laget si storheitstid, då dei hevda seg i fylkets øvste divisjon. Seinare har han tatt trenarutdanning og hatt ei hand med både som trenar og oppmann for ei rekke aldersårgangar i aldersbestemtfotballen. 

Styremedlem

I mange år har Arild vore fast medlem av fotballstyret, og leiar for anleggsnemnda,

Med andre ord: Vel fortente blomar og takk frå STIL-fotballen!

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift