Med hjartet i STIL

Nokon som hugsar tilbake til den gangen Allan Mardal IKKJE hadde verv i STIL?

Ta i så fall kontakt.

Allan takkar no for seg etter å ha leia aldersbestemtfotballen i STIL sidan 2009. Under årsmøtet i fotballgruppa var det ingen som heilt kunne hugse noko anna enn at denne mannen alltid hadde vore der, også før han aksla sjefstrøya i aldersbestemt. 

Vi har bladd litt i arkivet, og her er intervjuet som var å lese på heimesida til STIL i desember 2009. Vi merkar oss at vår mann allereie då var for veteran å rekne i idrettslaget vårt. 

Med hjartet i STIL

Intervju: SK

Allan Mardal er leiar i aldersbestemt fotball og hjarteleg tilstadeverande skribent på STIL si heimeside. Han har vore oppmann og trenar i STIL Fotball i uminnelege tider, og kvir seg heller ikkje på å ta verv i naboklubbar som GHK (oppmann på 16 årslaget). Frå før har han hatt styreverv og vore leiar i Sankam (fotballklubb på Sandane på 80- og 90-talet).

I dette intervjuet fortel Allan om fanesaka si, om stoltheit og glede og om kor bra det er å få gje litt igjen.

Han gir også til beste meiningar han har om STIL-systemet. Det vankar ros, blant anna til leiaren i handballgruppa, Jørn Lothe, og det blir peika på utfordringar som ligg framfor oss.

Bakgrunn:

Allan Mardal fortel at han var ein aktiv idrettsunge og var med på det som var av idrett på Sandane. Han var ein habil fotballspelar og spelte først på Sandane og sidan på Sankam. Allan har vore aktiv innan fotball, orientering, handball, volleyball og sprang gjorde han og: stafettar og terrengløp.

Vi ber om ei utdjuping: Orienteringsløpar?

–Orientering var ein sport som eg likte. Det var eit aktivt orienteringsmiljø ikkje minst på Kleivedammen og vi reiste mykje omkring på løp, både i Sogn og Sunnfjord.

Du er ein aktiv mann i STIL. Kva er drivkrafta?

Det er fleire grunnar. Det er naturleg å ta ansvar når eigne barn er aktive i idretten. Eg synest også det er flott å få høve til å ”betale” tilbake ein skjerv av det som eg sjølv fekk frå idrettslaget gjennom min eigen barndom og oppvekst. Kvar tar sin tørn. Eg hugsar Knut Stavang, min gamle fotballtrenar, kom forbi ein gong eg trena eit lag. –No er det min tur til å gje litt igjen, sa eg til han, og eg synest i grunnen det er eit godt perspektiv på den aktiviteten eg og andre utfører i STIL: alt heng i hop. Det er kvar sin tur, og akkurat no er det min generasjon som gjev noko igjen. Det er eg glad for å få høve til.

Det hjelper også på motivasjonen at eg er fotballinteressert. Det triggar noko i meg å sjå ein fotballkamp!

Kva er arbeidsoppgåvene for leiaren i aldersbestemt?

-Det handlar om organisere aldersbestemt-fotballen frå knøtte til 16 årslaga. Det eg brukar mest tid på er å få etablert eit apparat rundt laga. Den mest travle perioden er frå nyttår og fram til mai. Elles handlar det om å ta i mot informasjon og halde informasjonsflyten i gang i fotballgruppa. Takk vere eit svært seriøst og grundig oppmannsapparat og trenarar fungerer dette godt. Kommunikasjonen utover i laget er enklare når eg veit at beskjedar og oppgåver blir tatt imot og det blir gjort det som gjerast skal.

Allan fortel at det også skjer nyutvikling i fotballgruppa.

-For første gang får alle lag frå 10 år og oppover eit treningstilbod på denne tid av året. Vi må eksperimentere litt og erfaringane vi gjer oss no skal evaluerast, men dette er ganske sikkert kome for å bli som tilbod.

Korleis likar du arbeidet i STIL Fotball?

Eg har min plass i organisasjonen. Det er så velsigna bra i STIL Fotball: Systemet rundt meg fungerer, og det gjer arbeidet mykje lettare. STIL fotball har veldig kompetente folk frå topp til botn i organisasjonen. Der er etablert mange gode rutinar som gjer det lett for dei som kjem inn i organisasjonen.

Allan seier at prosessen og arbeidet som er utført for å få bygt den nye kunstgrasbana på Myklebustflata har vekt stor respekt og beundring. – Når eg ser kor mykje energi folk som Jan Inge Erdal, Arild Bruland, Sjur Gimmestad og leiaren i STIL har brukt på å få ting til dei siste åra gjev det meg inspirasjon til å yte litt ekstra i det vervet eg sjølv har fått tildelt.

Eg er i det heile veldig imponert over STIL som heilheit og STIL Fotball spesielt. Klubben er godt organisert og eg har fått innsyn i kor stor verdi idrettslaget og aktivitetane der har. Eg kan kjenne stoltheit og glede over å få vere del av STIL!

Når eg hentar dattera mi etter turntrening yrar det med ungar og det kan verke kaotisk. Men ein ser kor mykje organisering og arbeid som er lagt ned av mange folk både på førehand og der og då som får det heile til å fungere. Eg trur mange ikkje er klar over kor mykje arbeid som vert lagt ned av frivillige gjennom året.

Kvifor vart det fotball?

-Eg har følgt eldstemann heime sidan han var på knøttelaget. Eg ser det som ei investering i eigne barn å få følgje opp idrettsaktivitetane deira gjennom trenarverv og andre oppgåver. Det er ei investering for barna, men også for oss foreldre. Eg kan absolutt anbefale å engasjere seg i barna sine aktivitetar. Det følger bonusar med: Ein blir kjent med eit heilt ungdomskull, og det er veldig kjekt! Eg ser det slik at når ein investerer litt tid i barnas aktivitetar får ein mykje igjen når dei til dømes no er i ein fase der dei skal meir ut i verda. Dessutan er det sosialt å vere engasjert i STIL. Vi knytter kontakt med foreldre og har i dag eit stort nettverk av bekjente.

Viss vi skal løfte blikket litt og sjå framover, kva meiner du bør vere framtida for STIL-fotballen?

-Eg føler meg blodfersk i rolla mi, og har først og fremst hatt eit læreår. Men der er fleire ting eg ser bør kome.

Allan tar det punktvis:

1. Eg har ei fanesak som eg håpar kan bli realitet om ikkje for lenge: STIL burde få eit damelag igjen. No har Sandane blomstra med Norway Cup-finalar to år på rad. Det er rart om ikkje dei mange og gode kulla vi har med jentefotballspelarar ikkje skal få noko vaksentilbod.

2. Vi må få ein kaldhall på Myklebustflata. Problemet er ikkje løyst med kunstgrasbana. Når hausten kjem og kampane må spelast på kunstgras, har vi ikkje lenger ein stad å trene, viss vi ikkje har flaks med haustveret. Ein hall vil løyse dette problemet.

3. STIL Fotball må ta sikte på å lage til eit større, årleg arrangement.

-Godt samarbeid med handballen og Jørn Lothe

Leiaren i aldersbestemt fotball i STIL har også ei utfordring til alle gruppene i STIL: - I åra framover ser eg at det blir endå meir viktig å få til best mogeleg kommunikasjon mellom dei ulike gruppene i laget. Med stadig mindre barnekull kan det lett bli endå større ”konkurranse” om ungane. Dette er nok ein diskusjon STIL bør ta seriøst dei komande åra, spesielt om fotballen blir/er heilårsidrett. Det er ikkje ønskeleg med konkurranse, då heller dialog.

Allan framhevar som døme det gode samarbeidet som er mellom han sjølv og leiar i STIL Handball, Jørn Lothe. –Vi har fått etablert ein god – og heilt nødvendig – dialog, og arbeider aktivt med å tilpasse tider og treningar for dei som er med både i handball og fotball. Og det er det jo ein del som er. Det er sjølvsagt litt personavhengig om ein får til dette, men det er viktig!

Det går mot slutten av intervjuet , men vi har eit tema igjen:

Du er ein nøkkelperson på heimesida til STIL. Korleis byrja du å skrive?

-Eg vart oppmoda av redaktøren om å skrive. Eg har for øvrig alltid syntest det var artig å skrive, og eg fekk ganske snart eit engasjert forhold til heimesida. Det er ei stor glede at heimesida har utvikla seg slik som ho har gjort. Eg trur at grunnen til veksten i besøkstal er at mange, og kan hende spesielt ungdom, finn det interessant å følgje med. Heimesida skapar interesse for aktivitetane vi driv med i STIL, og eg trur også det er med på å skape identitet og ei forsterka lagkjensle.

Sant nok, Allan!

Ei lita tilføying: Allan Mardal er ein positiv person. Gjennom heile intervjuet har han passa på å framheve alle rundt seg i STIL. Han uttrykker stoltheit over STIL og dei mange som arbeider i organisasjonen. Allan er samtidig ein beskjeden mann. På diskret vis tonar han ned sine eigne bidrag.

Heldige er STIL som har folk med engasjement, overskot, evna til å skape og ikkje minst - lysta til å vere med!

Bildet: Allan m fleire på dugnad i Idrettsparken. 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift