Bolseth Glass fornyar med STIL

Bolseth Glass har fornya samarbeidet med STIL Fotball i tre nye år. -Oppmuntrande og svært viktig for klubben at ein av våre mest trugne støttespelarar framleis vil vere med, seier fotballformann Sjur Gimmestad.

Bolseth Glass har vore ein støttespelar for Sandane-fotballen i svært mange år. -Det er ingen sjølvsagt ting at sponsorane er med oss slik som Bolseth Glass har vore. Dei seinare åra har vi hatt ein etter måten stor aktivitetsauke i klubben vår, samtidig som vi har hatt tunge utviklingsprosjekt på anleggssida. Det er svært avgjerande for arbeidet vårt at vi har støttespelarar som Bolseth Glass, seier Gimmestad. 

Den nye avtalen med Bolseth Glass gjeld ut 2019-sesongen. 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift