G16: Sogndal - Sandane 2-6

STIL sitt 16-årslag med knallsterkt resultat på bortebane. Skal møte Førde og Stryn til kamp om ein plass i NM Telenor Cup G16 2017.

NM Telenor Cup G16 

Sogndal - Sandane 2-6

Fosshaugane stadion

Sandane sitt G16-lag sto for ein sterk prestasjon då dei vann heile 6-2 over Sogndal sitt 16-årslag på Fosshaugane onsdag kveld. 

-Ein artig kamp og eit gledeleg resulat, melder STIL-trenar Jan Ove Ødven. Det var gutelagets første kamp i år på full bane. 

- Det var i periodar ein jamspela kamp. Vi var heldige og fekk det første målet, noko som nok hadde litt å seie for den vidare kamputviklinga, fortel Ødven. Sandane spelte ein svært god andreomgang, og vann til slutt med komfortable siffer mot sogndølene. Sandane sine mål fordelte seg på fleire av lagets mange skarpskodde menn. 

No ventar eit seriespel mot Førde og Stryn for å avgjere kva lag som går vidare til NM-cupen for G16-lag. Sandane opnar med kamp mot Stryn søndag 26. mars kl 1500, i Sandane Idrettspark. 

Resultat frå 1. runde: 

Førde - Florø 8-2

Sogndal - Sandane 2-6

Jotun - Stryn 0-9

 

 

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift