Uavgjort mot Vikane

Sandane 2 viste mykje fin fotball i årets første treningskamp.

-Dette vart ei god gjennomkjøring for oss, og lovar godt for sesongen, seier Sandane 2-trenar Sander Nesdal etter 4-4 mot Vikane. 

Sandane startar med bevegeleg, godt spel og kom til mange gode sjansar i første omgang. -Midtvegs i omgangen  rota vi det litt for oss sjølve og Vikane fekk sleppe inn i kampen. Men Sandane 2 var likevel det førande laget, også skåringsmessig. 

I 2. omgang var det ikkje like skarpt frå Sandane 2, og Vikane kom betre med.

Sander Nesdal seier seg likevel svært nøgd med laget sitt, spesielt første 70min av kampen. Laget har ikkje fått mykje samtrening enno, og det er all grunn til å sjå fram til sesongen for det unge Sandanelaget.

Video frå kampen.

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift