Travel idrettshelg

Turnbasarhelga er på gang, og i Idrettsparken er det 15 stk samla på trenarkurs. Søndag spelar STIL sitt A-lag treningskamp mot Hyen i Idrettsparken. Og før dette: under trenar Vidar Bjotveit si leiing møter vårt lovande G14-lag Sogndal 2 til seriekamp same stad!

Trenaraspirantar er i helga samla til trenarkurs på Sandane. Deltakarane kjem frå Luster, Sogndal, Loen, Selje, Eikefjord og Sandane. Instruktør er Jon Georg Rutledal og med seg har han også Ingmar Sægrov. Heile sju trenarar frå Sandanefotballen deltar. 

Søndag ettermiddag spelar Sandane sitt A-lag treningskamp mot Hyen. Kampstart kl 16.30.

For nokre lag er serien alt i gang. G14 spelar sin andre seriekamp heime i Idrettsparken søndag kl. 1500. Sogndal 2 er motstandarar. 

Vidar Bjotveit er trenar for laget, som serieopna borte mot Stryn for ei veke sidan. Der vart det 3-1 til Stryn.

Det er første året på lenge at Sandane stiller i 11-serie for 14-åringar, fortel Bjotveit.

G14-årgangen tel heile 47 fortballspelarar, og Sandane stiller med heile tre lag i seriespelet: Eitt 11-arlag og to lag i 9-arserien. Desse har kampar på mandag.  

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift