Sandane/Breimsbygda - Førde 3-0

Sandane/Breimsbygda tok tidleg leiing og det var aldri tvil om seieren i treningskampen mot Førde.

Sandane/Breimsbygda - Førde 3-0 (2-0)

Treningskamp, Sandane Idrettspark

1-0 Martine Jakobsen

2-0 Martine Kvamme

3-0 Eli Kristine Arnestad

Sandane/Breimsbygda har hatt ei fin sesongoppkøyring, og sjølv på det trenar Jan Asle Rustøen kallar ein middels dag for damelaget vart det 3-0-seier over eit litt overraskande tamt lag frå Førde. 

Sandane/Breimsbygda gjekk tidleg opp i leiinga etter å ha produsert fleire gode overgangar. Det var Martine Jakobsen som kom fram på kanten og skåra eit flott mål. 

2-0 kom etter fint spel på venstrekanten som enda med ein flott stikkar igjennom til Martine Kvamme. Ho skåra sikkert. 

Sluttresultatet vart fastsett fem minutt før slutt ved Eli Kristin Arnestad, då ho sette inn Sandane/Breimsbygda sitt tredje mål. - Vi hadde fleire store sjansar, så sluttresultatet kunne fort vorte det doble, melder STIL/Breimsbygda-trenar Jan Asle Rustøen. Han seier at damelaget ikkje fekk i gang det heilt store spelet denne ettermiddagen, men gir likevel honnør for svært god innsats. -3-0 mot Førde på ein middels dag er bra å ta med seg vidare, seier Rustøen. 

 

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift