Grasrottrenarkurs på Sandane

Det er god flyt i trenarutdanninga for tida: Til helga blir delkurs 2 i Grasrottrenarutdanninga (C-kurs) arrangert på Sandane.

Heile sju trenarar frå STIL er påmeldt, og det vil også kome deltakarar frå andre klubbar. 

Instruktør er Ingmar Sægrov. Er du interessert i å delta? Nøl ikkje med å ta kontakt!

Programmet ser slik ut: 

Fredag 21. april

17.30-18.30:     Teori - kursgjennomgang, forventningsavklaring, utdeling av kursmateriale,

Tema: Trenaren som ein del av klubben, ferdigheitsdimensjonar, fotballens eigenart og læring – den individuelle dimensjonen m.m.

18.30-18.45:      Pause - beinstrekk

18.45- 19.30:     Teori - Fotballens eigenart og læring – den individuelle dimensjonen m.m. + keeperrolla - keeperen som ein del av laget

19.30-21.00:     Praktisk økt med kursdeltakarane som objekt. Økta blir avslutta med ein spelsekvens (keeperen som ein del av laget). 

Laurdag 22. april

09.00-10.00:      Teori – ferdigheitsdimensjonar – relasjonell dimensjon – spelets ide i spel- og kampdimensjonar - kva er sentrale moment ved praktisk instruksjon?

10.00-10.45:      Førebuing til praktisk økt

11.00-14.00:      Praktisk instruksjon for kursdeltakarar 

14.00-14.30:      Oppsummering og avslutning

 

 

 

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift