Sandanedommarar dømmer 3. divisjon

Usikker, men det må vere år og dag sidan, om det i det heile har skjedd før: Ein dommartrio frå Sandane i aksjon i fylkesdivisjonen for damer.

Kampleiar Einar Eimhjellen hadde med seg to av våre unge lovande dommarar som assistentar, Erik Koopmans og Magnus Ødven Grytting, i 3. divisjonskampen mellom Stryn og Studentspretten. 

Svært oppmuntrande at vi har nye dommarkrefter på veg! Viktig for klubben og for sporten. 

Stryn, som sesongdebuterte mot Sandane (2-2),  vann for øvrig kampen mot studentane frå Sogndal med 5-0.

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift