Sandane/Breimsbygda med storseier

Det var stor skilnad på laga då Sandane/Breimsbygda klinka til med 6-0 mot Førde 2.

Sandane/Breimsbygda – Førde 2 6-0 (2-0)

3. divisjon damer

1-0 (7. min) Martine Kvamme

2-0 (38. min) Lisa Skarstein

3-0 (46. min) Marie Mardal

4-0 (67. min) Kristine Lothe Rustøen

5-0 (75. min) Sara Mardal

6-0 (87. min) Martine Kvamme

Dommar: Torleiv Straume, Hyen.  Assistentdommarar: Mikael Nordal og Leander Nordal; Hyen.

Lagoppstilling finn du her.

Sandane/Breimsbygda gav publikum god underhaldning då Førde 2 kom på vitjing i Idrettsparken torsdag kveld.

Sandane/Breimsbygda gjorde det klart frå første minutt av kampen: Planen var å sikre seg årets første trepoengar. Heimelaget dominerte stort frå kampstart og Førde fekk i lange periodar nok med å forsvare seg.

Martine Kvamme opna skåringsprotokollen med eit pent skot i hjørnet frå  16 meter. Sidan pressa Sandane vidare, men utan å ha den nødvendige presisjon i dei siste trekka. Lisa Skarstein auka Sandane/Breimsbygda si leiing då ho mottok ballen på ei fin gjennomløping og skaut i steget. Ballen gjekk via Førdes målvakt og i mål.

Andre omgangs første minutt baud på kampens flottaste angrep: Kristin Lothe Rustøen lynraskt nedover kanten, høgt innlegg bak i feltet der Marie Mardal stanga ballen kontant i mål.

Førde hadde ein stor sjanse midtvegs i omgangen, men skotet gjekk over mål. I staden vart det Sandane/Breimsbygda. Martine Kvamme fann Kristine Lothe Rustøen med ein utsøkt pasning, og sistnemnde nølte ikkje i det avgjerande øyeblikk: Pang i mål. Sandane var no i støtet, og neste kvinne ut var Sara Mardal som tok seg framover langs høgrekanten. Ho skaut frå langt hald og ballen plasserte seg nydeleg høgt oppe i lengste hjørne.

Sandane/Breimsbygda heldt presset oppe til siste slutt, og Martine Kvamme fastsette sluttresultatet til 6-0.

Dermed ein pen opptur for Sandane/Breimsbygda, som i denne kampen fekk vist mykje fint: Eit botnsolid forsvarsspel, med gode midstopparar og sidebackar som kunne veksle mellom fine avklaringar og å spele seg ut. Framover på bana har dei blå mange fine typar og eit lag som viser mykje god speleforståing, på sitt aller beste med høg fart og presist spel. 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift