Sandane med poengtap på overtid

Sandane gjekk på eit frykteleg poengtap då 1-0-leiing vart til 1-1 fem minutt på overtid.

Sandane - Balestrand 1-1 (0-0)

5. divisjon

Sandane Idrettspark

1-0 (55 min)

1-1 (90 min + 5)

Dommar: Markus Nybø Bakke, Eid IL

Dette var kampen STIL ikkje skulle tape, og det såg då i det store og heile heller ikkje ut som at det skulle skje. Etter spelemessig dominans, rett nok utan å skape store sjansar, var det likevel fullt fortent då Petja Cink fekk kjempa inn 1-0 ti minutt ut i andre omgang. Heimelaget hadde 11 hjørnespark i kampen, mot Balestrands 0. Det seier litt om kampbiletet, og det var ein gedigen skuffelse for våre menn då seieren glapp på overtid.

Balestrand har som STIL eit ungt lag. Målvakt Ellingsen leverte ein flott kamp og vi la også spesielt merke til Kurt Arild Ohma, som med pondus dominerte på midtbana. 

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift