-Ikkje bekymra

-Vi kan takke oss sjølve for at vi ikkje avgjorde denne kampen lenge før utlikningsmålet kom på overtid. STIL-trenar Torbjørn Gran må konstatere at laget hans framleis må sjå langt etter årets første seier. 1-1 mot Balestrand var i underkant om ein ser på det som faktisk skjedde ute på bana.

-Vi dominerer kampen spelemessig, men har oss sjølve å takke når vi ikkje klarer å punktere oppgjeret med ei andre skåring, seier Gran, som såg mannskapet sitt løfte seg betydeleg i andre omgang. Då skapte laget ein del sjansar, og berre ein god Balestrandmålvakt og marginar som ikkje heilt spratt Sandane sin veg sto i vegen for både eitt og to mål i Sandane sin favør. At Balestrand får eitt mål er slikt som kan skje i alle fotballkampar. 

-Vi har ein spelestil som eg ser at det tar tid å få inn i ryggmargen på spelarane våre. Det tar lenger tid enn eg trudde. Eg er ikkje bekymra for Sandanefotballen, vi er på rett veg, og har framtida for oss, seier Torbjørn Gran.

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift