KM-sluttspel futsal på Sandane 3-4. mars

Laurdag 3. - og søndag 4. mars blir sluttspelet i kretsmeisterskapet innandørs for dei aldersbestemte klassane avvikla i Trivselshagen på Sandane. 101 lag møtest for å kjempe om KM-titlane. Heile 1000 spelarar vil vere i aksjon, i tillegg til støtteapparat.

Laurdag spelar jenter og gutar 13 år og 15 år, samt junior menn.
Søndag spelar jenter og gutar 14 år og 16 år, samt junior damer.

Heile 130 kampar laurdag og 110 kampar søndag skal avviklast på dei tre banene i Trivselshagen, noko som inneber nær 11 timar fotball begge dagane. Dette er det desidert største futsalarrangementet i fylket. 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift