Sterk sesongopning av STIL

Mads Wie (3), Jonas Denk og Arne Morten Vilnes Øen sette måla då Sandane for første gang på mange år verkeleg dunka til i sesongstarten: 5-1 over Førde 2.

 
Sandane - Førde 2 5-1 (2-0)
5. divisjon
Sandane Idrettspark
1-0 (23. min) Mads Wie (assist: Jonas Denk)
2-0 (34. min) Mads Wie (assist: Arne Morten Vilnes Øen)
3-0 (49. min) Jonas Denk (assist: Arne Morten Vilnes Øen)
4-0 (56. min) Mads Wie (assist: Petja Cink)
5-0 (62. min) Arne Morten Vilnes Øen (assist: Jonas Denk)
5-1 (90. min+) Sander Aamelfot

Sandane fekk ei glimrande sesongopning då dei sette eit ungt Førde 2 på plass med heile 5-1 mandag kveld. Gjestene opna friskt, men utan å omsette nestensjansane til teljande resultat. Heimelaget fekk justert seg og sidan såg dei seg ikkje tilbake. Offensivt har STIL eit solid batteri av angrepsvillige karar, og publikum fekk verkeleg valuta for inngangspengane. Bakerst sto Simon Gimmestad som ein levande vegg. 

 
Dei heimvendte frå Stryn, Mads Wie og Jonas Denk, opna ballet og sidan gjekk det slag i slag: Mads noterte seg for tre kontante mål, Jonas Denk med mål og fleire assist, Arne Morten Øen det same. Petja Cink hadde tilliks med heile Sandane ein god dag på jobben, og pasninga til Mads på 4-0 var utan lyte. 
Førde 2 hadde sine gode sjansar til å redusere, men målet kom først to minutt på overtid. Laget hadde då sett Simon Gimmestad redde straffe og eit godt frispark slå i tverrliggaren. 
-Vi har eit ungt lag, og slapp Sandane for lett til framover, seier Jens Sagevik i Førde 2 etter kampen. Han meiner det ikkje var ein 1-5-kamp, men Førde 2 fekk aldri det tidlege målet dei ønskte seg. 
 
-Ein artig kamp. Vi skapte masse sjansar. Kampen var ein fin peikepinn for oss med tanke på kvar vi ligg an, sa STIL-trenar Torbjørn Gran. Han konstaterer at STIL klarte å spele enkelt, få tempo i ballen, med stor løpsvilje bakfrå. –Førde 2 starta med eit høgt press, utan at vi vart så redde av det. Heile laget vårt består av gode ballspelarar, med god ro i spelet som vi verkeleg fekk utnytta i dag, seier Gran. 
 
©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift