Søndagskamp mot tabellfirar Selje

Sandane tar søndag turen til Selje i ein kamp som vil gje dei blå litt meir peiling på kvar dei står i forhold til motstandarane i årets serie.

Selje på bortebane er ingen lett match. Marko Tanasic sitt mannskap har kome godt i gang i 5. divisjon, med to seirar og eitt tap (2-4 mot Høyang borte). I siste seriekamp slo Selje Førde 2 3-1.  Selje er eit lag som skårar mange mål og ligg på fjerdeplass på tabellen, a poeng med lag nr 2 og 3 (Anga og Syril).

Sandane på si side har kun spela ein kamp: 5-2-seieren mot Førde 2. - Vi er framleis spente på kvar vi står i forhold til dei andre laga, og gler oss til å få spele kamp igjen, seier STIL-trenar Torbjørn Gran i ein kommentar. Han konstaterer at det er stor rift om å kome med i starteellevaren. Sjølv om STIL må unnvere nokre spelarar i Selje, er stallen fyldig og god og Gran har flust å ta av når laget skal komponerast. -Det er stor vilje i laget og alle ønsker sjølvsagt å spele, seier STIL-trenaren. 

Vi ønskjer lukke til der vest!

Tabell/kampar 5. divisjon

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift