Selje - STIL 2-3 (0-2)

Selje la press på Sandane med to mål i sluttfasen av kampen, men STIL hala i land ein sterk 3-2-seier på bortebane søndag ettermiddag.

SELJE - SANDANE 2-3 (0-2)
Selje Idrettspark
5. divisjon
0-1 (20. min) Even Unsgård
0-2  (36. min) Jonas Denk
0-3  (66. min) Mads Wie
1-3 (str) (80. min)
2-3 (89. min)

Sandane: Simon Andre Gimmestad, Aron Nikolai Rauset Skogli, Magnus Nikolai Bolseth, Ingmar Sægrov, Kristian Møll, Even Unsgård, Gudmund Bjotveit, Eirik Rauset (Abrham Johnny), Jonas Hjartholm Denk, Mads Wie, Sebastian Haugen. 
Innbyttarar: Abraham Johnny, Torbjørn Gran, Abraham Johnny, Lucas Elia Rosenstock-Helland.

Sandane leia 2-0 til pause etter at Even Unsgård og Jonas Denk skåra for STIL. Det var ein første omgang med mykje jag på midtbana, og dessverre vart Eirik Rauset skadd i ein duell. Han måtte til sjukehus for røntgen av foten. 

Selje var som venta eit godt lag med fin plan i spelet sitt. - Dei har eit godt kollektiv og kjempar med nebb og klør, melder STIL-trenar Torbjørn Gran. Selje hadde ein stor sjanse i første omgang, men Simon Gimmestad var i det umogelege hjørnet og nekta vertane nettkjenning. 

Midtvegs i andre omgang sette Mads Wie inn Sandanes tredje mål. Ti minutt før pause reduserte Selje på straffe etter hands i STIL sitt forsvar. Selje pressa på for eit mål til og då dei lukkast med å få inn 2-3 vart det eit sterkt press mot Sandane sitt mål på overtid i kampen. Sandaneforsvaret reid imidlertid stormen av og sikra seg ein sterk borteseier. 

-Det vart ein tett kamp mot eit godt Selje-lag, seier Sandanetrenar Torbjørn Gran i ein kommentar. -Vi jobbar med å gjere enkle, gode val i spelet vårt, og det får vi også til i lange periodar av kampen. I andre omgang produserte vi sjanse på sjanse og vi kunne ha punktert kampen mange ganger. Ein periode misste vi midtbana og Selje fekk meir tak på midtbanespelet. Men vi hadde stort sett eit godt grep om kampen, seier Gran, som gleder seg over poenga, at laget fungerer godt - og at midtbanemotor Gudmund Bjotveit har hatt eit gedigen formutløysing til seriestart og har spela to knallgode kampar på Sandane si midtbane. 

Komande fredag er det storkamp på Sandane: serieleiar Høyang er gjester i Sandane Idrettspark. Tid for fotballinteresserte sandensarar til å få med seg ein skikkeleg godbit!

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift