Det er no det gjeld!

Sandane har hatt ein strålande inngang på 2018-sesongen, og står utan tap etter tre spelte kampar. I dei komande kampane vil vi få svar på viktige spørsmål. Andre pinsedag spelar STIL borte mot Bjørn.

Sandane vil i utgangspunktet vere favorittar mot mange av laga i årets 5. divisjon. Det er imidlertid eit spørsmål om korleis laget handterer å vere utan Mads Wie og Jonas Denk, som er dei nye på skadelista. I fjorårets sesong enda tilsvarande oppgjer mot Bjørn med 3-2-tap for Sandane. I fjorårssesongen var Bjørn eit lag som tok dei fleste av poenga sine på heimebane. Men raudtrøyene imponerte verkeleg då dei i andre serierunde i år henta inn Jølster si tremålsleiing og sikra seg 3-3 borte mot Jølster. 

Trenar Torbjørn Gran konstaterer at STIL har fått ei fantastisk sesongopning mot tre sterke lag. -No kjem nokre kampar mot lag som ligg i midtsjiktet, og då handlar det om å mobilisere og verkeleg vere på hugget for å vinne kampane! No er det litt sånn "alt å tape"-kampar, seier Gran. 

Sandane har hatt ei stor og god spelartropp. -Men vi har vore usedvanleg uheldige med fleire beinbrot samt at Mads Wie sin leggskade fekk eit tilbakefall i kampen mot Høyang. Vi får en del svar på trening no i helga, men reiser uansett til Bjørn med ei knallsterk og veldig spillesugen tropp. I fantastisk kapteinsånd overlet Simon Gimmestad keeperplassen til G15-landslagskeeper Håvard Hetle, som får sin seriedebut for A-laget.

Lykke til, karar!

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift