Sandane kneip seieren

Rusk i maskineriet, men ein solid andre omgang avgjorde bortekampen mot Bjørn.

Bjørn – Sandane

5. divisjon menn

Gaupne stadion

1 – 0 (10. min) Joar Fossøy

1 – 1 (11. min) Mads Wie

2 – 1 (16. min) Lars Thorsnes Lefdal

2 – 2 (47. min) Sebastian Haugen

3 – 2 (57. min) Even Vigdal

3 – 3  (58. min) Jonas Denk

3 – 4 (70. min) Mads Wie

Sandane fekk ein hard jobb i Gaupne. Heimelaget Bjørn opna aggressivt og fekk ei tidleg leiing etter at ei straffe vart sett i mål. Mads Wie kvitterte kontant og roa med det STIL-nervane. Men trass i at Sandane hadde ballen mest var Bjørn nære på gang på gang med fleire stolpeskot. Bjørn gjekk opp i 2-1, det burde vore 2-2 då Abraham Johnny fekk ballen rett framfor mål, men heimelaget gjekk til pause med leiing.

Andre omgang var Sandane sin. Sebastian Haugen utlikna til 2-2 tidleg i omgangen.  Bjørn gav seg imidlertid ikkje, og gjekk opp i 3-2 på eit langskot. Men STIL utlikna straks til 3-3 ved Jonas Denk. Sluttresultatet vart bestemt då Jonas Denk vart felt og Sandane fekk straffe. Mads Wie sette straffa sikkert i mål. 

Sandane har no spela fire kampar i året serie, og har ikkje avgitt poeng.

Kampfakta basert på Firda Live frå kampen.

- Det vart for halvveges i første omgang, men etter pausepraten viste laget seg frå ei langt betre side. Vi spela ein god omgang, heldt ballen meir i laget og skapte gode sjansar, er Sandanetrenar Torbjørn Gran sin kommentar etter kampen. 

Sandane sin neste kamp vert heime i Sandane Idrettspark søndag 27. mai kl 1500. Noter dykk tida!

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift