Kan seiersrekka halde fram?

Søndag kl 1500 tar Sandane sitt herrelag imot Balestrand til kamp i Idrettsparken. Gjestene er eit lag STIL seinast i fjor fekk trøbbel med.

Fjorårets oppgjer enda 1-1. Sandane dominerte kampen, men skåra ikkje tilstrekkeleg mål. Då dei fekk ein mann utvist nytta Balestrand sjansen til å utlikne - fem minutt på overtid

-Det var eit forsmedeleg poengtap som eit samla mannskap sjølvsagt ønskjer å sørge for ikkje gjentar seg. Kristian Møll (raudt kort i fjor) har meldt at han for sin del kjem til å herje på venstrekanten søndag. Vi håpar og trur på ein god STIL-kamp, seier trenar Torbjørn Gran.

-Skadesituasjonen i STIL er lei, og det er klart det berører spelet vårt når 5-6 frå den normale førsteellevaren er ute. Går vi seirande ut av kampen, og det satsar vi på, vil det vere eit sterkt teikn på at det gror godt i ungdomsgruppa vår, seier Sandanetrenaren.

Skadelista til STIL ser slik ut: Ruben Elvebakk Nesdal, Petja Cink, Filip Pleym Mardal, Eirik Rauset, Jonas Denk og Sebastian Haugen.

Når det gjeld Balestrand, noterer vi oss at Gunnar Nilsson sitt mannskap så langt har skåra mål i kvar kamp dei har spela. Resultatmessig har det vore noko ujamt, med seier over Fjøra2/SIL3  (5-2) som einaste trepoengar så langt. Dei har spela fleire målrike kampar (3-5 mot Syril og 4-6 mot Stryn 2 i siste serierunde).

Kampstart kl 1500 på søndag, altså. Hugs solbriller!

Tabellen i 5. divisjon

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift