Ny seier for Sandane

Ingen topp kamp, men solid då Sandane slo Balestrand og tok tre nye poeng i 5. divisjon.

Sandane – Balestrand 4-1 (2-1)

5. divisjon

Sandane Idrettspark

0-1 (19. min) Marius Aarse

1-1 (20. min) Mads Wie

2-1 (45. min) Mads Wie

3-1 (64. min) Håvard M. Hauge

4-1 (84. min) Abraham Johnny

Gule kort: Ingmar Sægrov og Espen Reed Lothe, Sandane

Sandane sikra seg tre nye poeng då Balestrand vart slått 4-1 i Sandane Idrettspark søndag ettermiddag. Heimelaget opna med ein spelemessig dominans, men det viste seg snart at gjestenes resept med aggressivitet i duellane og ballar i lengderetninga var meir enn nok til å halde dei blå i sjakk. Det var i grunnen lite å seie på at Balestrand gjekk opp i leiinga. I Mads Wie har STIL ein klassespelar og målmaskin. Det gjekk mindre enn eitt minutt før det var balanse i rekneskapen. Wie gjer alt rett når han får ballen og avslutningane hans er det høg klasse over. Han stussa sjølv ballen vidare til Kjetil Moen Eide, som leverte perfekt vidare til Mads, som avslutta med eit godt skot.

STIL imponerte ingen i første omgang, og det var rein bonus og sikkert ein kalddusj for gjestene då Wie sette inn 2-1 rett før pause. Håvard Hauge kom seg fri til høgre i feltet, orienterte seg fint og leverte til Wie som avslutta med ein susar i hjørnet.

I pausen grunda vi litt over kva som gjorde Balestrands midtbane like synleg som Sandanes, og likeeins at humøret langt frå verka å vere på plass hos våre menn.

I andre omgang viste STIL seg frå ei betre side. Heimelaget var klart best spelemessig og det var moro at ein god Håvard Hauge ordna 3-1 etter ein corner. Abraham Johnny var nære på å sette ballen i mål, men til sist var det Hauge som ordna målet.

4-1 kom etter ein perfekt pasning frå Mads Wie til Abraham Johnny. Abraham var kald og god i avslutninga, og sette ballen sikkert i mål. I sluttminuttet fekk Arne Morten Vilnes Øen sjansen då han kom igjennom. Han blei imidlertid tatt svært så ublidt då han skulle avslutte, og pådrog seg ein skade. Keeper fekk redda skotet til corner.

Sandane held med dette fram seiersrekka si. Sterk varme gjorde nok sitt til at spelet aldri vart det heilt store, men vi håpar laget finn fram til samspelet dei trenar på når Anga ventar i neste serierunde.

Underteikna noterte seg med glede at fleire av spelarane som opna noko forsiktig i første omgang heva seg mykje utover i kampen. Ein som var på frå start var Ingmar Sægrov. Han  viser ein innsats og eit spel som må vere til inspirasjon for samtlege rundt han.  Håvar M. Hauge viste stor speleglede og har tatt store steg dei siste kampane, noko trenar Torbjørn Gran slår fast sikrar han ein plass i startellevaren.

Gran konstaterer elles at mannskapet gjorde det som trengdes for å vinne kampen. Planen for andre omgang var å få kampen avgjort i løpet av den første halvdelen av omgangen. Det klarte gutane. Gratulerer med nye poeng!

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift