Nederlag i Førde

For første gang i år vart det tap for Sandanes menn.

Anga – Sandane 2-1 (1-0)

5. divisjon

Hafstadparken

1-0 Berge (28. min)

2-0 Dvergsdal (58. min)

2-1 Gudmund Bjotveit (90. min)

 

Kampen i Førde var lenge jamspela, men vi merka oss ganske snart ein urovekkande mangel på sting framover for dei blå, noko som gav STIL forbausande få sjansar i første omgang. Anga utmerka seg med mykje upresist i startfasen, men svake klareringar hos STIL gav Anga kveik. Då Berge sette inn 1-0 etter eit langt innkast frå Lambrechts var det dessverre eit nytt døme på manglande klareringsdugleik i STILs forsvar. Mot slutten av omgangen spela Anga seg til fleire gode sjansar, medan STIL var nærast på eit frispark frå Kristian Møll. Frå 27 meters hald small ballen i tverrliggaren.

STIL opna andreomgangen langt betre, men det var Anga som utnytta passivitet hos Sandane: Sander Dvergsdal fekk gå irriterande (sorry, Sander) uforstyrra og avslutta med eit fint skot i hjørnet.

Sandane fall etter dette tilbake til eit spel der litt for mange praktiserte ein respektfull avstand til nærmaste motspelar. Når laget kom rettvendt vart det også litt for upresist med mange svake valg, og dei forløysande pasningane såg vi dessverre ikkje.

Sandane pressa på mot slutten, og kom til fleire brukbare avslutningsmogelegheiter, men Angas rutinerte mannskap, i stor grad beståande av eks-Førdespelarar, let seg sjeldan stresse.

Gledeleg var det då å sjå Gudmund Bjotveits bestemtheit då han fekk ballen på hjørnet av 16 meteren. Pang i mål! Slik skal det gjerast. På overtid hadde STIL store sjansar til å utlikne, og til slutt var Simon Gimmestad sweeper nær midtsirkelen. Men marginane var ikkje på Sandane si side. Totalt sett ein fortent Anga-seier.

Dagens dommar var eit kapittel for seg, men det skal ikkje skrivast her.

Firda live frå kampen.

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift