STIL tar imot Syril

Det er duka for ein svært interessant kamp når Sandane fredag kveld tar imot Syril i herrane sin 5. divisjon. Syril er utan tap så langt i årets serie.

Dei gul- og svartkledde frå Syrstrond har hatt ein imponerande sesongstart. Ikkje berre har dei vunne alle kampane sine, det har også skjedd med solid målskilnad, seinast då eit vanlegvis sterkt Førde 2 vart sendt heim med 1-7 i kofferten. Syril har to blad Søderholm (Sondre, 6 mål; Ole-Morten, 4 mål) som begge tydelegvis kjenner vegen til mål. Andre Thorsnes Thalle (5 mål) har også bidrege godt offensivt. Tabellen viser også eit Syril-lag som tettar godt igjen bakover, kun 8 baklengs har det blitt på dei seks første serierundene. 

Alt ligg til rette for eit heidundrande oppgjer mellom tabelltopp Syril og tabelltrear STIL, og vi ser verkeleg fram til å sjå to av dei beste laga i divisjonen i aksjon. STIL har vore særs uheldig med sentrale spelarar ute med skader. Trenar Torbjørn Gran melder at Sebastian Haugen er klar for kamp igjen, og det var også ein fryd å sjå Ruben Elvebakk Nesdal i godt driv i Sandane 2s kamp tidlegare denne veka. Nøkkelmannen Jonas Denk er dessverre ikkje klar for spel enno. Men det er Mads Wie! -Han er i sin beste form etter returen til Sandane, varslar trenar Gran. 

Vi har tru på ein god og tett kamp mellom to velspelande lag. Kampstart fredag 8. juni kl 1900, i Sandane Idrettspark.

2017-resultat:

Syril - Sandane 4-3

Sandane - Syril 3-3

TABELL 5. DIVISJON

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift