Syril hala seieren i land

Jamt og spennande i Idrettsparken då Syril tok med seg alle poenga heim.

 

Sandane - Syril 2-3 (1-2)

5. divisjon

Sandane Idrettspark

0- 1 (8. min) Henjum

0-2 (18. min) Hjeltnes

1-2 (38. min) Wie

2-2 (71. min) Johnny

2-3 (74. min) Talle

Sandane: Gimmestad, Bolseth (Haugen frå 82. min), Skaaden (Slagstad frå 79. min), Bolseth, Sægrov, Vilnes Øen, Bjotveit, Haugen ( Isaac frå 45. min) Johnny, Møll (Hjelle frå 60. min), Wie.

Når vi ikkje kjende på den store fortvilinga med 0-2 i mot tidleg i første omgang, skuldast det fleire forhold: For det første merka vi eit heimelag som var innstilt på å gjere ting enkelt og greitt – og i stor grad klarte å gjennomføre dette. Det var ein ro over laget. For det andre: STIL hadde ei klar oppside om dei kunne få betra leveransane fram til dei klassespissane laget faktisk har.

Etter ei roleg opning eksploderte kampen med to Syrilmål, det første kom på ein fin liten lobb etter at STILs forsvarar var sett ut av spel av ei melding frå keeper. Det andre målet kom ved nysigneringa Anders Hjeltnes, som fekk ei enkel oppgåve då han mottok eit perfekt innspel frå kant.

Syril kom gang på gang fram langs høgresida i perioden etter 2-0. Med eitt kvarter igjen å spele av første omgang kvikna Sandane noko til. Forvarselet kom då Skaaden fann Mads Wie som la ballen pent vidare til Abraham Johnny. Dessverre vart treffet frå Johnny dårleg. Så fann Arne Morten Vilnes Øen NESTEN Kristian Møll på løp framfor mål. Men Sandane skulle få si redusering: Sebastian Haugen med fint løp langs kanten. Han avanserte inn i feltet og la presist ut til Mads Wie som netta med eit kontant skot.

Andre omgang starta med solid STIL-press. Det tok kanskje litt for lang tid, men utlikninga kom: Vilnes Øen og Wie i fint samspel, sistnemnde fann Johnny heilt åleine framfor mål.

Alt før utlikninga hadde Syril vist at dei var livsfarlege på kontringar, to gonger var det nære på med ball i tverrliggaren. Det skulle ikkje gå lang tid før Syril igjen var i førarsetet. Ole Morten Søderholm med fint framspel til Andre T. Talle, som sette ballen pent i mål.

Sandane mobiliserte til ein sterk spurt, og vanskeleg er det å fatte at Abraham Johnny ikkje klarte å dytte ballen i mål då han fekk den servert etter glimrande førearbeid av Arne Morten Vilnes Øen.

Men det ville seg ikkje for heimelaget, som gav Syril hard kamp om poenga i dag. Alt i alt ein fortent seier til eit velspelande Syril-lag, som framleis er ubeseira i serien.  

Med Bjarte Skaaden på plass i dei bakre rekker var Sandane knapt til å kjenne igjen frå førre helgs oppgjer mot Anga. Laget har mange god fotballhovud. Sjølv om det vart tap var dette eit klart steg opp for STIL. 

Dommar Magne Vårdal hadde tatt turen frå Askvoll og Holmedal IL, og var eit sympatisk bekjentskap som beheldt roen og integriteten også når han gjorde feil.

Eirik Rausets gode liveoppdatering (Firda Live) her

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift