Sandane til Sogndal

-Vi føler sjølv at vi har fått dårlegare resultat enn vi fortener. Mandag går vi for seier mot Sandane, seier trenar Aleksander Belland Eriksen i Fjøra 2/Sogndal 3.

Fjøra 2/SIL 3 har hatt ein tøff sesong med ei lang tapsrekke og har samla kun eitt poeng på sine åtte første kampar. -Vi har eit ganske ungt lag der dei fleste spelarane i stallen er henta frå Sogndal sitt G16-lag. I dei fleste kampane har vi nok hatt ein snittalder i laget på rundt 19 år, fortel Fjøra2/SIL 3-trenaren.

I Sogndal/Fjøra-systemet er dei ulike laga delt opp i ulike treningsgrupper. -Vi pleier å ha med eit par-tre spelarar frå Sogndal 2 eller Fjøra sitt førstelag på våre treningar. .Men alle er unge, og vi ser at vi i nokre kampar kan mangle rutine. Spelemessig synest vi at vi  periodevis er fullt på høgde med våre motstandarar. Så vi opplever nok at vi har fått dårlegare sluttresultat enn vi fortener i nokre kampar, seier Belland Eriksen. Det nærmar seg ferietid og laget har då utfordringa med at studentar forlet Sogndal. På den andre sida kjem der folk heim frå andre kantar av landet. 

-Vi går for seier på mandag, varslar Fjøra 2/SIL 3-trenaren. -Vi må ha litt tur og litt meir dyktigheit i spelet vårt. Vere litt meir kyniske. 

I Sandane-leiren synest alt vel, og trenar Torbjørn Gran reiser til Sogndal med sitt sterkast tilgjengelege mannskap. Sandane har gått på to tap på rappen (Anga og Syril). -Vi ønskjer å kome tilbake på vinnarsporet, seier Gran.

Kampen vert spela på Sogndal stadion (Kvåle) mandag 18.06. kl. 1900.

Tabell 5. divisjon   

BILDER: Lagbildet er frå Fjøra 2/SIL 3 si treningshelg i Fredrikstad 15.04.2018. Trenarbildet (frå ein G16-kamp i 2017): Aleksander Belland Eriksen i midten. (TAKK til Haugen Fotball for lån!)

Siste års kampar:                                              

2017 
Fjøra 2/SIL 3 - Sandane 2-4
Sandane  - Fjøra 2/SIL 3 2-1
2016 
Fjøra 2/SIL 3 - Sandane 2-1
Sandane - Fjøra 2/SIL 3 1-2

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift