Nabo-oppgjer i Idrettsparken

Når Jølster kjem på vitjing handlar lite om form, tabellplassering eller resultata i siste serierunde. For begge lag handlar det om å raske med seg alle poenga.

Sandane har vore inne i ein svak periode og er utan seier sidan 27. mai (4-1 over Balestrand). Vi reknar med at ingen i blått har vanskar med motivasjonen når Jølster står på motsett banehalvdel. Det brukar å verte tette og jamne kampar mellom Sandane og Jølster, og vi reknar med at fredagens oppgjer ikkje vert noko unntak. 

Kampstart fredag 22. juni kl 1900. Sandane Idrettspark.

Kampen vert filma og sendt LIVE på Firda sine nettsider. 

TABELL/Terminliste

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift