Med Ødven på sidelina

Stryn 2 - Sandane: Sandane skal ut i sin siste kamp før feriepausen, og for anledningen har STIL forsterka lagleiarteamet med ingen ringare enn Jan Ove Ødven.

Ødven var trenar for STILs A-lag i 10 sesongar, og har erfaring som kan kome til nytte i borteoppgjeret i Stryn. Ødven flyttar som kjent frå Sandane i sommar, og kampen i Stryn blir eit siste engasjement i klubben i denne omgang.

Opprykk er målet

Sandane vil med seier i Stryn plassere seg som nr 2 på tabellen. Laget vil i så fall ha ein gunstig posisjon med tanke på 4. divisjonsspel i 2019. -Vi i spelargruppa er einige om at opprykk er målet for sesongen, seier Sandane-trenar Torbjørn Gran. Han peikar samtidig på utfordringane i laget: -Vi spelte ein god kamp mot Jølster i forrige serierunde. No viser det seg at seks av spelarane i startoppstillinga frå den kampen ikkje er tilgjengelege til søndagens kamp. Det er sjølvsagt ugunstig, seier Gran, som understrekar at Sandane reiser til Stryn med ei sterk tropp, takk vere ein god og brei spelarstall.

Stryn 2 stiller alltid med eit sterkt lag på heimebane. Dei har ofte med seg rutinerte spelarar som hjelper unggutane i andrelaget, så Gran ventar ingen lett match i Stryn. Målet er sjølvsagt tre poeng.  

Stryn 2 - Sandane: søndag 1. juli kl. 15.00

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift