Sandane tok seieren

STIL tar ferie på andreplass på tabellen etter at dei søndag sikra seg tre poeng i bortekampen mot eit sterkt Stryn 2.

Kampfakta
Stryn 2 - Sandane 1-2 (1-1)
5. divisjon
Stryn stadion
1-0 (40 min) 
1-1 (42. min) Jonas Denk
1-2 (60. min) Arne Morten Vilnes Øen

Kampen enda med 2-1-seier til Sandane, etter at Stryn tok leiinga like før pause. Jonas Denk gav Sandane utlikning like etter og laga gjekk til pause med 1-1. Eit kvarter ut i andre omgang gjekk Sandane opp til 2-1 ved Arne Morten Vilnes Øen, noko som også vart sluttresultatet. 

-Dette var ein svært godt gjennomført kamp av STIL. Laget framstår med ein utruleg god arbeidsmoral, også når det i periodar butta imot. Vi møtte som venta eit godt strynelag, rapporterer lagleiar for høvet, Jan Ove Ødven. Trenar Torbjørn Gran måtte før kampen konstatere at 7 av spelarane frå forrige helgs kamp mot Jølster ikkje var tilgjengelege. Dermed valde han sjølv å aksle trøya og spelte kampen på høgre back.

Ødven fortel om eit nykomponert forsvar, med Marius Moritsgård og Magnar Slagstad som midtstopparar. - Dei gjorde ein oppofrande jobb og backfiraren var flinke til å halde lina si kampen igjennom. Midtbana gjorde nokre justeringar i andre omgang, og Sandane framsto sterke og solide i sitt spel i denne omgangen. I Mads Wie sitt skadefråver fall det meir ansvar på Abraham Johnny, og han spelte ein vaksen kamp, fortel Ødven.  

Dette var ein kjekk, sterk og viktig seier for Sandane. Laget tar no ferie på andreplass på tabellen. Med 22 poeng er laget eitt poeng framfor rivalane Høyang og Selje. Det blir ein spennande haust!

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift