Det blir ein spennande haust

Etter å ha fått pusta ut etter dei flotte prestasjonane i Norway Cup, er det tid for å konsentrere seg om våre lokale seriar.

Medan Sandane sitt damelag startar opp med heimekamp mot Stryn torsdag 16. august, skal våre beste menn i elden allereie søndag. Turen går til Førde, der Førde 2 nok har planar om å by STIL kamp om poenga. Sandane vann 5-1 i våroppgjeret, men det skal seiast at Førde 2 ikkje på nokon måte var nøgd med eiga uttelling i den kampen. 

Målsettinga for Sandane er å klore seg fast til opprykksplassen, noko mannskapet vårt er godt nok til å klare. Ein peikepinn på kvar vi står vil vi få alt søndag, og i løpet av dei følgande vekene vert det viktige kampar mot tabellnaboane Selje og Høyang. 

Vi ønsker lukke til i Førde!

Sandane sitt kampprogram
05.08. kl. 14.00   Førde 2 - Sandane
17.08. kl. 19.00   Sandane - Selje
27.08. kl. 19.00   Høyang - Sandane
31.08. kl. 19.00   Sandane - Bjørn
09.09. kl. 15.00   Balestrand - Sandane
14.09. kl. 19.00   Sandane - Anga
24.09. kl. 19.00   Syril - Sandane
28.09. kl. 19.00 Sandane - Fjøra 2/Sogndal 3
05.10. kl. 19.00   Jølster - Sandane
14.10. kl. 19.00   Sandane - Stryn 2

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift