Seier i Førde!

Sandane tok ein fin borteseier mot Førde 2.

Førde 2 - Sandane 2-4 (0-1)

Det vart spenning heilt til slutt då Førde 2 og Sandane møttest til dyst i Førde søndag ettermiddag. STIL var i tomålsleiing fleire gonger undervegs i kampen, men Førde 2 kom tilbake med skåringar som gjorde at Sandane aldri heilt kunne rekne poenga som sine.

Begge lag hadde sine sjansar i denne kampen. Men det var først då det sto att nokre få minutt til pause at Sandane tok leiinga ved Jonas Denk. Det såg bra ut for Sandane då Mads Wie ordna 2-0 tidleg i andre omgang. Men Førde 2 fekk si redusering kjapt, då Vikum sende av garde eit skot som skifta retning.

Jonas Denk gav Sandane 3-1 og på ny såg det lyst ut for STIL. Men Førde 2 reduserte endå ein gong, ved A-lagsspelar Taule. – Det baklengsmålet må eg som trenar ta på mi kappe. Vi foretok eit bytte på defensiv dødball, noko som er brot på regel nr 1 i trenarhandboka, seier STIL-trenar Torbjørn Gran.

Eittmålsleiing er aldri enkelt når det drar seg mot slutten av ein kamp. Begge lag spelte seg til sjansar, men det vart Sandane som avgjorde då det sto igjen mindre enn 10 minutt å spele. Etter eitt års skadefråver frå fotballen var Filip Pleym Mardal med igjen: ungguten sørga for Sandanes fjerde mål for dagen, og sikra med det ein tomålsseier for dei blå.  

Trenar Gran konstaterer at Førde 2 har to-tre spelarar som skapte vanskar for Sandane. –Vi har nok ein tendens til å bli litt for snille i den defensive jobbinga. Men alt i alt fekk Sandane med seg tre fortente poeng. -Vi er skadefrie og har eit godt lag. Dette viser vi blant anna gjennom nokre fantastiske angrep, seier Torbjørn Gran, utan å ta heilt av. –Vi er framleis generelt for svake med for lite tempo i spelet. I første omgang feila vi «på halv maskin», og då er vi eit heilt ordinært 5. divisjonslag. Det skal jobbast med å kople inn det ekstra gearet i spelet vårt oftare i tida framover, lovar Gran.

Vi gler oss til det! Gratulerer med ein fin start på haustsesongen!

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift