Spelemannslaget hass Torbjørn i storslag

Sandane spelte på eit vidt og godt register og det vart etter kvart aldri tvil om at det skulle bli seier mot Selje. Mads Wie skåra ekte hat trick i første omgang, i det som også var Arne Morten Vilnes Øen sin avskjedskamp i STIL-trøya.

Sandane - Selje 7-1 (5-1)
1-0 (16. min) Petja Cink
1-1 (19. min) Kenneth S. Pedersen
2-1 (28. min) Mads Wie
3-1 (33. min) Mads Wie
4-1 (36. min) Mads Wie
5-1 (45. min) Petja Cink
6-1 (87. min) Abraham Johnny
7-1 (90 min+) Kaare Flintegaard Rasmussen

STILs mannskap leverte årsbeste i ein gnistrande førsteomgang mot Selje. Etter ei opning der ingen av laga utmerka seg, vart det fart i kampen etter 16 minutts spel. Då tok Jonas Denk tak i sakene på sin venstre kant, passerte sine motspelarar og leverte glimrande til Petja Cink, som sette ballen i mål. Selje kom imidlertid raskt tilbake då STIL-forsvaret, i stort fleirtal, ikkje kunne hindre Mikael Osmundsvåg å få til ei fin avslutning som gjekk via stolpen og i mål.

Sandane vart likevel det dominerande laget i fortsettinga. Eit nydeleg angrep med Haugen, Denk og Cink i fint samspel enda med at Mads Wie sette ballen velplassert i mål. Den same Mads viste sin klasse i denne førsteomgangen. Han gav STIL 3-1 då han fekk to sjansar til skot og det siste fauk inn. Mads fullførte ekte hattrick då Arne Morten Vilnes Øen samarbeidde glimrande med Kristian Møll som fann Mads framfor mål. Dermed 4-1! På overtid i første omgang havna ein flott crossball hos Sebastian Haugen. Han leverte usjølvisk til Petja Cink som sette ballen sikkert i mål.

Ein fantastisk førsteomgang av STIL, der Selje i tillegg til målet også hadde eit godt skot like utanfor frå distanse.

Andre omgang vart ein heilt annan skål. STIL kom aldri heilt i gang og ut over i omgangen var det Selje som hadde eit visst press. Dei hadde imidlertid lite å by på når det kom til avslutningar. Det som kom tok ein botnsolid Simon Gimmestad seg av.

Mads Wie måtte dessverre tidleg i omgangen forlate bana med skade. Innbyttarane Abraham Johnny og Filip Pleym Mardal viste fine ting framover, og spesielt sistnemnde er ein virvelvind av ein fotballspelar som skaper noko med kvar einaste ballberøring og sine kloke løp. 6-1 kom etter eit presist utspel frå Simon Gimmestad¸ Filip Pleym Mardal i super aksjon på vingen og fin avslutning frå Abraham Johnny. Som om dette ikkje var nok: Filip var igjen servitør då innbyttar Kaare Flintegaard Rasmussen fastsette sluttresultatet til 7-1.

Med andre ord ein solid for Sandane, mot eit Seljelag som nok var litt svekka for høvet. STILs midtbanekjempe, Arne Morten Vilnes Øen, spelte sin siste kamp i den blå trøya i denne omgang. Han skal no halde fram fotball- og skulelivet i Oslo. -Det har vore kjekt å spele for STIL, helsar den gode midtbanespelaren. 

Avslutningsvis vil underteikna framheve heile laget, og lar Petja Cink vere eksempelet: med sitt sugande 40 meters returløp i det 80. minutt vart Petja den som ordna opp då Selje kom i overtall mot Sandanes forsvar. Gratulerer til heile laget! Sterk seier!

 

 

 

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift