Blått møter rødt!

Spenning før bortekampen mot Høyang,

Sandane skal ut i nytt toppoppger mandag kveld - og eit liten kikk på tabellen forklarer det meste: Høyang vil ha alle poenga, medan Sandane vil behalde eit overtak om dei klarer å knipe poeng i industribygda. .  

Høyang og Sandane har kjempa mangt eit durabeleg oppgjer opp gjennom åra, og begge lag har opprykksambisjonar.Begge lag har sterke kort offensivt. På toppskårartabellen er Mads Wie i tet (16 mål), med Høyangs Joakim Måren (14) og Jacob Bergset (13) er på dei neste plassane. Like bak følger ein annan kjenning, som også likar å putte mål: Tommy Værøy (9). Bergset er i toppen også på ein annan statistikk: han får gule kort i annankvar kamp (7 så langt i år). 

Høyang har fordel av heimebane og Sandane er svekka i Mads Wie sitt skadefråver. Det er likevel ingen grunn til å legge seg ned for Sandane. STIL har levert svært gode prestasjonar på Sletta tidlegare. Få som var til stades vil gløyme superopphentinga i 2015, då Høyang leia 2-0 før Jonas Denk (1) og Jonas Løvland (2) snudde alt på hovudet dei siste 18 minutta av kampen. To år tidlegare overraska STIL både seg sjølv og alle andre ved å knuse heimelaget 7-0 på kunstgraset der sør, etter mål av Andreas Vereide, Jonas Denk, Sebastian Haugen, Jon Vegard Byrkjedal (2) og Mads Wie (3). 

Men: liten grunn til å suge for lenge på karamellen: Våre menn vann 3-2 i våroppgjeret på Sandane i år, men hugsar nok godt at Høyang var eit sterkt lag som fort kunne tatt poenga i det oppgjeret. 

Vi ønskjer dei blå lykke til! 

Statistikk 2011-2018

 S-U-TMål
Høyang - Sandane3-0-315-16
Sandane - Høyang4-0-315-13

 

2011Sandane - Høyang 5-1
 Høyang - Sandane 1-3
2012Sandane - Høyang 2-1
 Høyang - Sandane 2-1
2013Sandane - Høyang 1-2
 Høyang - Sandane 0-7
2014Sandane - Høyang 1-0
 Høyang - Sandane 5-3
2015Sandane - Høyang 3-7
 Høyang - Sandane 2-3
2016Sandane - Høyang 0-1
 Høyang - Sandane 4-0
2018Sandane - Høyang 3-2
 Høyang - Sandane  ?-?

 

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift