Høyang vart for sterke

Høyang slo Sandane 3-1 og vann tilbake overtaket i kampen om opprykk til 4. divisjon.

Høyang gjekk til pause med 2-0-leiing. Sandane opna andre omgang godt, og det vart redusering til 2-1 ved Ruben Elvebakk Nesdal. Heimelaget klarte å halde STIL unna utlikning, og det vart i staden Jakob Bergset og Høyang som fastsette sluttresultatet til 3-1. 

-Høyang har ein stabil stall som er godt samkjørt og sterke offensivt. Vi fekk justert oss litt i pausen og fekk vår beste kollektive periode i første halvdel av andre omgang. Men så misste vi litt igjen mot slutten av kampen., seier STIL-trenar Torbjørn Gran i ein kommentar. Sandane kom til kampen med ei nykomponert midtbanepar, unggutane Kristoffer Hjelle og Ruben Elvebakk Nesdal. -Kristoffer fyller rolla si i samtlege 90 minutt, og både Kristoffer og Ruben gjer ein fantastisk jobb i dag, seier Gran.

Tabell 5. divisjon

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift