Turnbasar: Informasjon til loddselgarane

Tysdag 26. mars skal det selgast lodd til årets turnbasar. Oppmøte i STIL-stova for å hente loddbøker kl 17 - og innelevering same kveld seinast kl 21.

Informasjon om loddsalet: 

Alle loddseljarane er sett opp på ei konkret rute, som regel er det meir enn ein loddselgar pr rute.  På dugnadslista står det namna på alle som skal selje lodd på same ruta og de kan sjølve velge om de vil gå i lag, eller om de vil dele den dykk imellom. Gjer vel å kontakte den andre på ruta di slik at de avtalar korleis de deler den opp. Ruta er beskrive på dugnadslista, du vil også få eit kart over ruta når du hentar lodda.

De må møte opp på STIL-stova tysdag 26. mars kl 17, her vil du få ein loddselgarpakke som inneheld:

- Lodd til ruta di
- Loddselgarkort
- 100kr i vekslepengar.
- Kart over ruta og informasjon om blant anna Vipps.

Sjekk at du har fått riktige lodd og vekslepengar før du legg ut på runda di!

Når lodda skal selgast er det lurt å starte med lodda med lavast nr og fortsetje oppover, dette gjer det og enklare å telje lodda og sjekke at ein har riktig pengebeløp ved retur. Om de vel å gå saman og selje lodd på ruta – husk å legge pengar i den posen du sel lodda frå – alt skal teljast opp til slutt.

Innlevering av lodd

- Tel opp kor mange lodd du har solgt
- Tel opp kor mange lodd som er selde med Vipps
- Tel opp pengane

Kontroller at du har riktig beløp i forhold til antall selde lodd – husk at du fekk 100,- i vekslepengar.

Fyll ut loddselgarkortet, kvitter og lever på STIL stova seinast kl 21 same kveld.

Dugnadslista finn du her!

Lykke til - og takk for innsatsen!

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift