Turnbasar - Praktisk info til turnarar, foreldre og trenarar

Laurdag 30. mars kl 15 og utover arrangerer vi den årlege turnbasaren. Dette er eit tradisjonsrikt arrangement for STIL! Kanskje har du vore med før - eller kanskje er dette din fyrste basar... Her har vi samla litt generell informasjon til alle som skal delta.

Generalprøver

Det er sett opp følgande tider til generalprøver for dei enkelte partia:

1 klasse                               kl 11-11.30
2. + 4. klasse parti 1            kl 11.30-12.00
3. + 4. klasse parti 2            kl 12.00-12.30
5. + 6.  klasse                     kl 12.30-13.00
7. + 8. klasse                      kl 13.00-13.30
Ungdomstroppen:              kl 13.30-14.00

Defilering NB NB  - Denne delen er avlyst pgå dårlege vèrmeldingar!

Vi startar med defilering/marsjering i frå heradsplassen. Alle møter ca 14.45 slik at vi får stille opp og vere klare til avgang kl 15.00

Vi er så heldige å få med oss Sandane og Breim skulekorps som spelar for oss.

 

Antrekk

Defilering ute: Svart bukse og STIL-blå overdel. Gjerne STIL-hue også om du har (kan kjøpast på Chatlet)

Oppvisingsantrekk:

Gutar: Ny turndrakt eventuelt kvit STIL t-skjorte og blå shorts.

Jenter: Turndrakt (både ny og gamal variant) eventuelt kvit STIL t-skjorte og blå shorts.

Ungdomstropp: Ny drakt (kvit shorts og marineblå trøye) eventuelt kvit STIL t-skjorte og blå shorts.

Ankomst Trivselshagen

Sidan defilering ute er avlyst startar vi inne i hallen kl 15.00. Sandane og Breim skulekorps og drill vil underhalde litt fyrst. 

Kl 15.15 må turnarane stiller seg opp bak den grå veggen i hallen. Still opp partivis i stigande alder, og trenarane fremst.  Start med dei yngste nærast tribuna.  

ca kl 15.30 Veggen går opp – og korpset spelar ein mars medan alle partia marsjerer fram samtidig, heile breidda av hallen – ikkje etter kvarandre. Leiar Muriel ønsker velkommen og gjennomfører turnhelsing.

No vert det blomsterutdeling til trenarar, dette gjer vi ved å lese opp namna, og trenarane gir tegn ved å rette handa opp og evt bukke når deira namn vert lest opp! Blomane står samla på bord i yttergangen, og  alle må hugse å ta med seg kvar sin på vei heim etter basarslutt!

Oppvisingsrekkefølge:

NB! alle tider er cirkatider, vanskelig å planlagge heilt nøyaktig.

Ca 16.00 Oppvisningspulje nr 1 + sal av årer

  • 1. klasse
  • 2. + 4. klasse parti 1

Trekking av 1. runde åresal, 7. klassingar er med og deler ut gevinstar.

Ca 16.45 Oppvisningspulje nr 2 + sal av årer

  • 3. + 4. klasse parti 2
  • 5. + 6. klasse

Trekking av 2. runde åresal, og 6. klassingar er med og deler ut gevinstar.

Ca 17.30 Oppvisningspulje nr 3

  • 7. + 8. klasse
  • Ungdomstroppen

Ca 18.00  Trekking av hovudlotteri

Åresal og Hovudlotteri

Hovudlotteriet er loddbøkene som vi har gått rundt om til heimane med – og som vi også sel i butikkar på dagtid laurdag og under basaren. Gevinstane vil stå utstilt like under tribuna ved inngangen til hallen. 20 kr pr lodd.

Åresal – vi sel årar i to omgongar 20 kr pr åre.  8 trekningar pr omgang. 4 parallelle gevinstar pr nummer.

Etter siste oppvisning trekker vi hovudlotteriet.

Finale...

Så er vi ferdige – og vi må rydde oss ut før vi kan reise heim.  Dess fleire som hjelper til – dess fortare vert vi ferdige så ta gjerne i eit tak!….

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift