Det blir sjølvsagt turnbasar - men vi defilerer ikkje ute!

Viktig beskjed til alle turnarar: På grunn av dei dårlege vèrmeldingane har styret bestemt at det ikkje blir defilering i sentrum kl 15 som opprinnelig planlagt på laurdag. I staden startar vi inne i Firdahallen kl 15.00, og Sandane og Breim skulekorps og drill vil underhalde heilt i starten.

Kl 15.00: Sandane og Breim skulekorps med drill
Kl 15.15: Alle turnarar - i oppvisingsantrekk -, og stiller opp bak den grå veggen inne i hallen, sitll opp partivis.
Kl 15.30 startar vi basaren til planlagt tid med opningsdefilering inne i hallen til korpsmusikk

Og deretter føl vi den oppsestte tidsplanen. 

Ca 15.30 Defilering / innmarsjering / opning
Ca 16.00 Oppvisningspulje nr 1 + sal av årer (1. klasse og 2. + 4. klasse parti 1)
Trekking av 1. runde åresal
Ca 16.45 Oppvisningspulje nr 2 + sal av årer  (3. + 4. klasse parti 2 og 5. + 6. klasse)
Trekking av 2. runde åresal
Ca 17.30 Oppvisningspulje nr 3 (7. + 8. klasse og Ungdomstroppen)
Ca 18.00 Trekking av hovudlotteri
Avsluttingsnummet

Spre ordet

Denne beskjeden kjem i siste liten - så hjelp oss å informere dei du kjenner som skal på basar! 

Velkommen til basar - vi har mange flotte oppvisingar å vise fram, det blir åresal, og trekking av hovudlotteri!

Og det er meldt perfekt vèr å vere inne i! 

 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift