Til dei som skal på Turnstemne!

No nærmar det seg veldig! Laurdag og søndag er det turnstemne i Måløy. Her er litt info til dei som skal avgårde!

Stemnet blir gjennomført i Nordfjordhallen i Deknepollen.  Her er alt samla i eitt område både oppvisningar, matservering, underhaldning, diskotek og aktivitetar. 

Vi oppmodar alle om å gå inn på heimesida til Skavøypoll Idrettslag, på denne lenka: https://www.barneturnstevne.no/ Her vil de finne stort sett alt de treng av informasjon, men vi tek fram det viktgaste her:

Busstransport:

Vi har leigd buss frå Sandane. Vi har plass til mange fleire enn dei som hittil har meldt seg på å ta buss. Om du i siste liten vil ta buss, går det fint.
Meld på til Muriel Evebø på 928 78 594.

Laurdag: Bussen går kl 9 frå Sandane laurdag morgon. Oppmøte på Firda Billag. Bussen køyrer fyrst til Nordfjordhallen for registrering, så vidare til Måløy sentrum kl 11.30 for defilering (som startar kl 12). Bussen går tilbake til Nordfjordhallen kl 13.00.

Søndag: Bussen frå Nordfjordhallen kl 17.00 og køyrer direkte tilbake til Sandane. 

Buss kostar kr 200 og må betalast på førehand. Vipps til  94740- og merk betalinga med BTS buss

Dei som køyrer sjølve

De som skal køyre sjølve må vurdere avreisetid, men de må vere på plass i Måløy kl 11.30 og stille opp til defilering. Oppmøte/oppstilling ved Spiralen i Måløy

Defilering ute

Oppstilling til defilering kl 11.30. Start kl 12.00 – Ruta blir gjennom hovudgata i Måløy. 

Program i Nordfjordhallen Laurdag 21. april

13:30 – Innmarsj i Nordfjordhallen og offisiell opning av stemnet.
14:00 -  Oppvisningar startar
16:30​ - Medaljeutdeling for Bronse
17:00 – Middag, servert i 4 puljer
20:00 – Underhaldning og diskotek

Program Søndag 22. april:

08.00  - Frukost i 4 puljer
10:00 - Oppvisningar startar
11:15 - Medaljeutdeling for Sølv
14:15 - Medaljeutdeling for Gull
16:45 - Medaljeutdeling for Gull m/krans og plaketter
17:00 - Stemnet slutt

Oppvisningstider for troppane frå Sandane (ca 10 min pr tropp)

Søndag 22. april:
Kl 12.00-12.30: 4. klasse (parti 1 og 2), 5.klasse og 6. klasse

Kl 14.40-15.00: 7. klasse, 8. klasse og Ungdomstroppen

Overnatting

Alle turnarane frå Sandane skal overnatte på Skavøypoll barnehage. Denne skulen ligg i gangavstand frå Nordfjordhallen. 
Vi har god tid etter innmarsjen – og innlosjering i barnehagen blir etter innmarsj og opning av stemnet. Dvs ca kl 14. Vi avtaler undervegs!

Matservering

Middag laurdag og frokost søndag inngår i stevnet, Matservering foregår i Samfunnshallen.
Middag for Sandane: Laurdag kl 17.45-18.30
Frokost for Sandane: Søndag kl 10-10.30

Kle

Defileringsantrekk: Svart bukse/blå overdel (Stilblå gensar/jakke og gjerne den fine STIL hua)- Alle må reise med dette, det vert ikkje tid til å skifte før defileringa.  
Oppvisningsantrekk:  Turndrakt for dei som har, evt kvit t-skjorte (Stil-t-skjorte) + blå shorts

Hugseliste

Niste til laurdag – vi får ikkje middag før  kl 17.45
Liggeunderlag/sovepose/pute
Toalettsaker
Lommepengar (der vert kioskar og høve til å handle, utover dei to måltida som vi allereie har nemnt, må ein berekne lommepengar til mat )
Kle til disco/fritid/trening

Godt humør!

Vi håpar på ei retteleg triveleg turnhelg!

Spørsmål? Kontakt Leiar i Turngruppa Muriel Evebø - 928 78 594. 

©2018 Spoortz AS (tidligere 123klubb) leverer totalverktøy for effektiv klubbdrift